Hingsteutstillinga på Nordfjordeid - ein gamal tradisjon-
Sidan 1886 har Statens Hingsteutstilling på Nordfjordeid første helga i mai, vore høgdepunktet for mang ein fjordhestentusiast. Tilsvarande utstilling blir også arrangert på Biri kvar vår. Utstillinga er i dag det høgste avlsmålet for fjordhingstar, det er her retningslinene for framtidig avls- og bruksmateriale blir tekne i bruk i praksis.
Alle kåra treårs-hingstar må ha fullførte og godkjente trav- og trekkprøver. i tillegg må dei gjennomføre utvida bruksprøver som 5-åringar, for å stadfeste brukseigenskapane i tillegg til avlskvalitetane.